fredag 26. februar 2010

Markerar Sameveka

Det er iskaldt ute og ei mengd elevar strømmar inn på Tromsø Museum. Ekrehagen skole markerar årets sameveke, og har i dag tatt elevane i 9. og 10. med til museet for at dei skal lære om korleis elvesamane levde.

Marianne Giæver leiar elevane opp i 2. etasje kor den samiske utstillinga har vore mange år. Med eit samanrulla samisk flagg som pekestokk, gir ho alle eit godt innblikk i korleis elvesamane levde. Fleire gamle og nyare ting hengjer på utstilling i hyller med glas føre, og Marianne forklarar entusiastisk korleis tinga vart brukt og kvifor. Elevane får også eit innblikk i korleis elvesamar kunne samarbeide med for eksempel reindriftssamar ved å bytte varar seg i mellom. Det herskar ei litt søvnig stemning mellom elvevane. Temaet er openbart ikkje eit interesseområde.
– Det kunne vore veldig lærerikt om vi berre hadde klart å følgje med heile tida. Det vart for mange keisame detaljar og for mye einvegskommunikasjon, har ein av elevane uttalt i ettertid.

I bakgrunnen kan ein høyre rop og skrik frå små barn, for museet har også besøk av ein barnehage same dag. Etter nokre åtvaringar blir støynivået litt lågare og Marianne fortsetter med undervisninga. Ho viser elevane sine vidare til ei anna utstilling, like ved den dei så på i stad. Marianne pekar og forklarar, og gir elevane ei innføring i korleis samane brukte å lage fellar før i tida. Interessa er no vakt hos mange av elevane, for mange av fellane er groteske, og det er lett og førestelle seg korleis dyra døydde. Nokre av disse fellane ville vore strengt førebudd i dag, men Marianne forklarar at før i tida, da ein ikkje kunne kjøpe mat på butikken, gikk menneskets ved og vel framfor dyras.

Den siste utstillinga elevane skal igjennom før dei skal tilbake, er ei utstilling som viser korleis samar sett ut garn når dei skal fiske laks. Dette blir presentert for dei på ein film, til elevanes store glede.
– Filmen var det desidert mest morosame. Eg er veldig interessert i fiske, svarte ein elev i 10. klasse på spørsmål om kva ho syntes var det beste ved besøket på museet. Ved å sjå på filmen, lærar elevane kor viktig det er å vite korleis laks lever, om ein ska klare å fange dei. Fiskarane fortel på rivande rask samisk at ein må ha ein spesiell teknikk for å meistre laksefiske og at det tar fleire år å tilegne seg denne evna.

På slutten av dagen får elevane gå litt fritt rundt på museet, og med hovuda fulle av ny lærdom, spring dei rund og ser på dei mange utstillingane. Sjølv om dei fleste elevane syntes opplegget var litt keisamt, er alle einige om at det er betre enn å sitte på skolebenken.
– Besøket var veldig lærerikt, men det kunne bli litt keisamt i lengda. Men det hadde neppe vært meir morosamt på skulen, så eg klagar ikkje.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar