torsdag 10. desember 2009

Innledning

I artiklane som føljar under, skal eg fortelje om arbeida til dei to kjente språkforskarane Ivar Aasen og Knud Knudsen. Dei hadde begge eit ønske om å skape eit felles skriftspråk i Noreg som alle kunne bruke, men dei ønska å basere deira to språk på heilt forskjellige ting.

Knud Knudsen

Knud Knudsen var ein lærar og ein språkforskar som levde frå 1812 til 1895. Knud Knudsen ønska å samle Noregs språk til eit felles skriftspråk, og han ville at dette nye skriftspråket skulle baserast på ”den danna tale”, altså språket som blei snakka i storbyane og som var under stor innflytning frå dansk.

Knud Knudsen ønska likevel å fornorske det nesten danske skriftspråket vårt. Sidan han var lærar, så han korleis mange elevar sleit med å lære seg å skrive det danske språket, så han ville gjere det så enkelt som mogelig for dei. Han ville bytte ut ord som var heilt danske og erstatte dei med den norske versonen, samtidig som han ville fjerne dei bløde konsonantane. (Kage blei til kake, bløde blei til bløte). Han prøvde også og reinske språket for framandord.



http://no.wikipedia.org/wiki/Knud_Knudsen

Jensen, Marit og Lien, Per: Fra Saga til CD. Kapittel 4, språkhistorie.

Ivar Aasen


Ivar Aasen var ein dikter og språkforskar som levde frå 1813 til 1896. Han blei født på ein gard på Sunnmøre, og han blei tidlig interessert i språk. Han leste mykje og studerte særleg innflytelsen dansk hadde hatt på det norske skriftspråket. Da han var rundt 20 år flyttet han til Solnør i nærheita av Ålesund og det var der han fekk inspirasjon til å samle eit skriftspråk basert på dei norske bygdedialektane. Han fant nemleg nokre bøkar som var skrive på gamalnorsk, og han blei overraska øver kor likt dette språket var hans eiga dialekt. Dette vakte hans interesse og han begynte å forske på om det kunne vere ein samanheng mella bygdedialektane og det gamle norske språket.

Ivar Aasen hadde eit sterkt ønske om at Noreg skulle ha eit allment skriftspråk som skulle vere så mykje Noregs eige som mogeleg. I fem år reiste han rundt i Noreg for studere dei forskjellige dialektane. Dette resulterte i to bøker; ei om grammatikk og ei ordliste.

Eit problem Ivar Aasen støytte på var at dialektane også var forskjellige. Det var ikkje like stor forskjell som mella bygdemål og Det ”finare” språket som blei snakka i storbyane, men det var likevel nokre små forskjellar. Viss Aasen skulle klare og lage eit felles skriftspråk, måtte han derfor ta nokre val når han møtte ord som var forskjellige. Han lagde derfor fire reglar som han arbeidde etter når han jobba for å lage ein felles form for dei ulike dialektane:

Dersom orda var forskjellige, valte han den mest utbreidde forma.
Viss ingen ord var meir utbreidd enn andre, lagde han eit nytt ord.
Han skreiv ofte ord som samsvarte med det norrøne språket, sjølv om det kanskje ikkje samsvarte med uttalen. Dermed fekk han vist til Noregs gamle språk.
Han brukte heller enkle ord med nordisk opphav enn lengre framandord viss det var ein mogelegheit.

1. Dersom orda var forskjellige, valte han den mest utbreidde forma.

2. Viss ingen ord var meir utbreidd enn andre, lagde han eit nytt ord.

3. Han skreiv ofte ord som samsvarte med det norrøne språket, sjølv om det kanskje ikkje samsvarte med uttalen. Dermed fekk han vist til Noregs gamle språk.

4. Han brukte heller enkle ord med nordisk opphav enn lengre framandord viss det var ein mogelegheit.

I 1885 vedtok stortinget å sidestille Landsmålet, altså nynorsk, med riksmålet som nå kallast bokmål.

Jensen, Marit og Lien, Per: Fra Saga til CD. Kapittel 4, språkhistorie.