torsdag 10. desember 2009

Ivar Aasen


Ivar Aasen var ein dikter og språkforskar som levde frå 1813 til 1896. Han blei født på ein gard på Sunnmøre, og han blei tidlig interessert i språk. Han leste mykje og studerte særleg innflytelsen dansk hadde hatt på det norske skriftspråket. Da han var rundt 20 år flyttet han til Solnør i nærheita av Ålesund og det var der han fekk inspirasjon til å samle eit skriftspråk basert på dei norske bygdedialektane. Han fant nemleg nokre bøkar som var skrive på gamalnorsk, og han blei overraska øver kor likt dette språket var hans eiga dialekt. Dette vakte hans interesse og han begynte å forske på om det kunne vere ein samanheng mella bygdedialektane og det gamle norske språket.

Ivar Aasen hadde eit sterkt ønske om at Noreg skulle ha eit allment skriftspråk som skulle vere så mykje Noregs eige som mogeleg. I fem år reiste han rundt i Noreg for studere dei forskjellige dialektane. Dette resulterte i to bøker; ei om grammatikk og ei ordliste.

Eit problem Ivar Aasen støytte på var at dialektane også var forskjellige. Det var ikkje like stor forskjell som mella bygdemål og Det ”finare” språket som blei snakka i storbyane, men det var likevel nokre små forskjellar. Viss Aasen skulle klare og lage eit felles skriftspråk, måtte han derfor ta nokre val når han møtte ord som var forskjellige. Han lagde derfor fire reglar som han arbeidde etter når han jobba for å lage ein felles form for dei ulike dialektane:

Dersom orda var forskjellige, valte han den mest utbreidde forma.
Viss ingen ord var meir utbreidd enn andre, lagde han eit nytt ord.
Han skreiv ofte ord som samsvarte med det norrøne språket, sjølv om det kanskje ikkje samsvarte med uttalen. Dermed fekk han vist til Noregs gamle språk.
Han brukte heller enkle ord med nordisk opphav enn lengre framandord viss det var ein mogelegheit.

1. Dersom orda var forskjellige, valte han den mest utbreidde forma.

2. Viss ingen ord var meir utbreidd enn andre, lagde han eit nytt ord.

3. Han skreiv ofte ord som samsvarte med det norrøne språket, sjølv om det kanskje ikkje samsvarte med uttalen. Dermed fekk han vist til Noregs gamle språk.

4. Han brukte heller enkle ord med nordisk opphav enn lengre framandord viss det var ein mogelegheit.

I 1885 vedtok stortinget å sidestille Landsmålet, altså nynorsk, med riksmålet som nå kallast bokmål.

Jensen, Marit og Lien, Per: Fra Saga til CD. Kapittel 4, språkhistorie.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar